Fra Vindetreet 1993:

 

 

Hogganvik i gamal og ny tid

 

Av Jens Børretzen

 

Etter ei gamal segn vart den gamle kyrkja i Vikedal bygd i andre halvdelen av 1600 talet. Ho vart riven i 1880- åra.

Det skal vera ekteparet Gudmund Knudsen og Helga Ormsdotter i Hogganvik som stod for kyrkjebyginga. På eine alterstaken står innrita namna deira. På ei kyrkjeklokke som no er borte, skal namna deira og ha stått. Denne klokka vart bytt bort mot ei større.

Det var nok Helga som førde ordet og styrde både stakk og brok i Hogganvik den gongen. Det er fortalt at då tømmermennene heldt på med kyrkjearbeidet, kom dei til Helga og ville ha jarnboltar til å ha i dei lange opplengene, for å vera visse på at det vart sterkt nok. Då svara Helga: Gå bort i Eikenberg og hogg eik til naglar. Eg skal våga dei held!  Eikenberg er ein lut av heimebøen i Hogganvik.

 

Seinare vart Hogganvik lensmannsgard. Om lag 1720 kjøpte oberst Christoffer von Krogh fiskeplassen Yrkje i Skjold. Det var han som gjekk under namnet «Gamle Kroken».

Yrkjesvågen kjøpte han av danskekongen. Kroken ville gjeme få seg ein uneleg heim, og kjøpte den eine parten av Hogganvik av Tårn Valentinsen Aubø. Han hadde fått denne gardparten med kona si, Ingeborg Jensdotter. Resten av Hogganvik bytte han til seg av ein som heitte Jakob Lund. Det var garden Melkeråen i Midt- Hordaland som Kroken gav i byte.

Det ordet gjekk at gamle Kroken hadde svært godt vit på pengar, og fekk dei til å auka. Di­for var det ikkje til å undrast over at han var om seg da kong Fredrik den £jerde, med stø­nad av biskop Deichman, tok til a selja kyr­kjene i Norge.

 

Kroken kjøpte kyrkjene i Vikedal prestegjeld og andre, mellom dei den namngjetne kyrkja i Røldal, med alle gull- og sølvskattane sine. Det seiest at Kroken førde to hestekløv med sølv og andre kostesame ting derifra. Men han vart sjølv lurt også. Skattefuten Hun i Ryfylke var komen i kassemangel, og Kroken som hadde gått god for han, laut ut med 1500 riksdalar.

Det tok han så hardt at han fekk helsott (dødssjukdom) av det. Han døydde i januar 1752. Ja, så fortel segna.

 

To stader i Hogganvik ber namnet «Major» etter Kroken. Det eine er Majorspranget. Han kom ridande vegen som låg like ved tunet og hesten vart skræmd av ein fugl og for i juvet. Majoren vart hangande i eit tre heilt uskadd. Hesten vart så skadd at han laut avlivast.

Den andre staden er Majorhaugen. Der sat han og såg etter arbeidsfolka sine. Fra denne haugen er det fritt utsyn over heile Hogganvik.

 

General Søren de Fine von Krogh var son av Kroken og kom til å bu i Hogganvik all sin dag. Han døydde i 1795. Eldste son til gene­ralen - kaptein Fredrich Stockfeldt von Krogh , fødd 1762, død 1836, var den siste von Krogh som budde i Hogganvik. Han hadde ingen søner. Han var namngjeten som fiskar og skyttar.

 

Han låg heile sumrane i Yrkje på fiske. Siste sumaren han levde, rodde han ut dei tunge nøtene heilt aleine. Da var han 74 år. Fredrich hadde 7 døtrer. Den eldste av dei, Anne Marie Katrine, vart gift med Johannes Magnus og dei tok over i Hogganvik. Johannes var fødd i 1795, og døydde i 1881. Han var presteson fra Skjold. Medan faren studerte i København vart han gift med Adriane Johanne Cruys.

 

Hogganvik 1924.

 

Ho var dotter til kaptein Johan­nes Cruys i den danske armeen. Bestefar hen­nar, Rudolf Cruys, var yngste son til den namngjetne admiralen Cornelius Cruys. Frå fyrst av hadde ikkje admiralen eit så flott namn. Han heitte rett og slett Nils Olsen og var son til ein skreddar i Stavanger. Guten rømde til Holland og fekk seg arbeid på eit skipsverft. Der trefte han Tsar Peter av Russ­land, og vart saman med mange andre ar­beidsfolk med han til Russland. Frå vanleg arbeidsmann arbeidde han seg fram til å verta tsarens mest betrudde mann ved oppbyg­ginga av den russiske flåten. Det var nok ik­kje alltid at han og tsaren kunne forlikast, og hissige var dei nok begge to. Ei stund var han forvist til ein utkant av riket, men tsaren sakna han og kalla han attende. Då skal dette ha vorte sagt mellom dei: «Eg er ikkje sint len­ger», sa tsaren.« Det er ikkje eg heller «, svara admiralen.

 

Johannes Magnus i Hogganvik dreiv den store garden godt, og dertil nytta han vel ut eige­dommen sin i Yrkje. Då han vart eldre skifte han eigedommen sin mellom to av Sønene sine. Morten fekk heimetunet, og Fredrik overtok Vådl og fiskevågen i Yrkje.

 

Fredrik var ein stor og sterk mann. Det går enno segner om styrken hans. Når han skulle til Yrkje rodde han alltid på ein liten seksæ­ring, og på den kapprodde han med båtar som var rodde av tre mann. Når han kom heim til Hogganvik, tok han med handa rundt fram­stamnen på båten og drog han under naust­døra.

 

På denne tida hadde skipsferdsla eit svært oppsving, og dei to brørne i Hogganvik var ikkje seine om å nytta dette ut.

Dei vart Ryfylke sine mest namngjetne skips­byggarar. Ikkje berre i Hogganvik, men og i Sandeid, Vikedal, lmsland og fleire andre sta­der bygde dei farty. Under vervetida var det eit yrande liv i Hogganvik. På hundrevis av arbeidarar, tømmermenn, smedar, skogsar­beidarar og fløytarar skulle det til for å få skipa ferdige i rett tid, og det var ikkje lenge mellom kvar gong stolte skuter gjekk av sta­belen. Men så kom krakket i slutten av 70åra. Det eine handelshuset ramla etter det andre, og Hogganvik med. Det vart stilt på vervane, ingen glad song frå unge menneske, og ingen klang av øksehogg og drevklubbe. Gardane vart selde, og alt som Kroghane og Magnusane hadde samla av kulturminne vart spreidd for aIle vindar. Berre Hogganviktunet og herskapsbustaden låg der.

 

 

Da Kroken kjøpte Hogganvik, låg huset nede ved sjøen. Det var generalen som flytte det opp dit som tunet no er, fyrst i 1770 åra. Han bygde huset dobbeIt så stort som før, og det var han som planta bøkealleen fra sjøen og opp til tunet, likeeins dei store barlindene som ennå står. Fager og rik var heimen og heile eigedommen, kransa av lauvskog, og med barskogen innetter aIle slake lier rundt den logne bukta og med eit vidunderleg utsyn over fjord og fjell. Og stas var det når høge gjester og slektningar kom på vitjing. Der kom sjølve diktarpresten Zetlitz på friarferd til generaldottera, og brudlaupet stod i Hogganvik. Der møttest dei til fest, handels­borgarar frå Stavanger og folk av embetsstanden i Ryfylke. Stabburet gav rike­leg mat og kjellaren nok av drikke til dei aIle. Og på veggene i storstova hang slektsbileta og såg under sine parykkar utover det glade selskap.

Men det var nok ikkje berre glade dagar i Hogganvik heller. Ein ung løytnant von Krogh, son til generalen, falmast bort av ein langvarig sjukdom, og då døden endeleg løyste opp for han, vart liket hans til « spe­ken» i gravkjellaren under Vikedal kyrkje. Syster hans undrast på «hvad ondt min bro­der har gjort som ikke får rådne».

Og dei ljose lindetre rundt Hogganvik kunne kanskje ha mangt å fortelja om romantiske kjærleiksforhold som den store standsskilna­den ikkje tåIte.

 

Der låg Hogganvik med alle sine minne, men livet var borte. Då var det at ein stavanger­mann, urmakar B. Hansen, fekk hand om ne­dre Hogganvik, og han sette sonen sin til hus­bond der. På nytt lag tok livet til på det gamle herresetet, slekt og vener kom på vitjing, og ikkje mindre vart det då Anna Eide vart frua i Hogganvik. Ho var dotter til den folkekjære klokkaren i Vikedal, Holger Eide. Det synte seg at den unge byguten og frua hans ikkje brukte å liggja pa latsida. Garden vart godt driven og skogen vel vyrdsla. Mykje vart hogd, men også mykje planta. Men ikkje berre det. Sjølv var dei så inderleg glade i heimen sin og prøvde å få alt i gamal stand. Fine, gamle møblar fylte stovene, og så ein dag sa dei til alle trøytte byfolk og andre; Kom til Hogganvik og kvil. Hogganvik vart pensjo­nat. Meir og meir kjend vart staden, og inn- ­og utlendingar samlast der. Dei som ein gong var komne der, kom att år etter år. Der var godt å vera. Ein vedunderleg vakker natur, borte fra bråk og ståk. Vertsfolk som fekk gjes­tene til å kjenna seg heime, ein stad der ein kunne samla krefter. Den store hovud­bygningen vart for liten, og nye hus vart bygde.

Men så kom den tragiske julafteskvelden i krigsåra, da heile den gamle herskaps­bygningen brann ned til grunnen, og ingen­ting av alt det vakre og kostesame som der var samla, vart berga. Ein som stod der da­gen etter, mintest eit vers av ein dansk diktar:

 

Menneskeverk skal finne sin dom

bliver til sist ruiner

Tider som gikk og tider som kom

alt hvad som glæder og piner,

alt skal det visne og smuldre hen.

Ja tegn på ånd skal blive igjen

mens tiderne skifter med tiden.

 

Det var ein hard støyt for hogganvikfolket. Men dei miste ikkje motet. Skogen hadde gitt hus før og kunne gjera det no og. Under dei vanskelege åra etter krigen var det ikkje like­til å få material til nytt hus, sjølv om ein hadde treverk fra eigen skog. Med utruleg strev luk­kast det for hogganvikfolket å reisa ein ny herskapsbustad, som står fullt på høgd med, om ikkje over den gamle. Stilen er den same vakre intime som ein saknar så sårt i mange nye bygg, men på same tid med alle dei føre­moner som nyare tids byggeskikk og teknikk har gjeve.

 

----------------------­

 

Denne artikkelen er litt omarbeidd av redaksjonen i Vindetreet.

Han er trykt med 1øyve frå familien til Jens Børretzen.