Mye
av stoffet her er hentet fra bygdebøker for Sauda og Ølen. Se nederst. Noen
korreksjoner er også tatt med. Referanser i teksten er relatert disse
bøkene. Ellers har jeg hentet
informasjon fra internett, kirkebøker, private familieoversikter m.m…..
Ein generasjon på
Haua, Åbø bnr 7
i Sauda
Klaus Sjursson sat som sjøleigar
på Haua i 24 år. Då måtte han selja garden. Kjøparen var rikingen Jon Ingebretsson
Bjørk i Etne. Sidan sat Klaus som leiglending i 19 år - til 1789. Då lånte
sonen Nils pengar av Ove Kristensson Gunnarsrød og løyste ut Jon Bjørk. Men
Nils fekk berre fire år på seg på Haua. Han døydde alt i 1793 berre 37 år gama!. Buet var insolvent så det vart ingen ting å dela mellom
enkja Lisbet Nilsdotter, som seinare levde som folgekone på Haua, og dei fire
borna Klaus, Lisbet, Asgjerd og Nils. Den vesle buskapen - 1 ku, 3 ungnaut, 2
geiter, 1 kje, 2 sauer og 2 lam - fortel at tilhøva ikkje nett var dei beste.
Garden fall ved skiftet på Ove
Gunnarsrød. I 1800 kjøpte yngste bror til Nils, den 32 år gamle Klaus Klausson,
Haua tilbake til ætta for 80 rd. Han måtte og låna pengar mot pant i garden.
Kreditoren vart denne gongen Samson Larsson Fresvik i Hardanger og summen var
180 rd.
Men heller ikkje for Klaus Klausson
ville det lukkast. Og i 1819 såg han seg nøydd til å selja til Peder
Endreson på Sand for 195 spd. Peder hadde gard sjøl, så Klaus fekk med i
skøyta at sonen Klaus d. y. skulle få bruka garden si levetid. Slik skulle det
likevel ikkje gå. Klaus Klausson d. y. kjøpte seg gard på Veka og vart buande
der. Ein son til Peder Sand, Endre Pedersson, fekk difor skøyta på Haua
i 1830 for 200 spd. Året etter gifta han seg med Ingrid Johannesdotter frå
Mo i Sandsbygda og flytta inn til Abø. Deira etterkomarar sit framleis
(1970-åra) på Åbø, om ikkje på Haua.
Mellom 1831 og 1855 fekk Ingrid og Endre
elleve born, men berre seks av desse vaks opp. Det var Johannes Åbø, Per Rødne,
Marta Brekke, Endre, Brønla Bakka og Inger Brekke. Sonen
Johannes, født 1832, fekk skøyta i 1866 og gifta seg fire år seinare med
Borghild Johannesdotter frå Maldal som var født i 1843. Eldste son deira, Endre
Johannesson født i 1870, er ført som brukar av garden i folketeljinga frå 1900,
men fekk ikkje skøyta før i 1917.
På Tjerandgarden sat Njell
Tjerandsson då Endre Pedersson kom til Haua. Han gjekk som nemnt ungkar til han
35 år gamal gifta seg i 1831 med Ingeborg Kolbeinsdotter Fløgstad som då var 28
år. Dei fekk sonen Tjerand i 1832 og sonen Kolbein i 1835. Men Kolbein døydde
berre 5 år gamalog Tjerand vart dermed eineerving til farsgarden. Njell døydde
i 1852 berre 56 år gamal og to år sein are fekk Tjerand gåvebrev på mora
sin arvepart. Året før hadde han gifta seg med den 20 år gamle Ingeborg
Nilsdotter Handeland som han fekk åtte born med, Njell, Mari, Guro, Nils,
Kolbein, Ingeborg, Ragnhild og Nille. Se nedenfor. Ingeborg vart gift
med Torjus Jonsson frå Hustveit. Dei fekk skøyta i 1896. I 1913 selde dei
vidare til syster til Ingeborg, Guro som var gift med Njell Pålsson Lofthus.
Av dei andre bruka på Åbø var
Knutagarden den som kom lettast frå delinga. Jakob Knutsson og Guro
Johannesdotter delte garden mellom dei to eldste sønene Knut og Johannes i 1845
og sikra seg folga av begge. Av Johannes, som fekk Solbrekk, den minste parten,
skulle dei årleg ha 1 tønne havrekorn og foster av 4 sauer. Av Knut, som fekk
hovudbruket, skulle dei årleg ha 5 tønner havrekorn, foster av 2 kyr og 6
sauer, fri bruk av Dalen med hevd, 3 bøstykkje - «Løeflotbøen», «ved Stuen» og
«ut i Moen», 2 slotter - «Rindene» og «Nip som gaaer fra Huset opigjennom Bakkerne
og Skaarene», fritt rom i husa til avling og krøter forutan lys og tilsyn og
fri ved. Folgestove hadde dei sjøl. Det er få på Abø som har hatt betre folga
enn Jakob og Guro. Ho skulle ikkje reduserast om nokon av dei døydde, så då
Jakob fall frå alt i 1849, kom Guro til å sit ja i denne store folga like til
ho døyd de hausten 1878. Då hadde ein soneson teke
over heime på sjølve Knutagarden.
Ein generasjon på
Økland i Ølen
Fra Åbø dro Endre Endresson og kona Marta
Ellingdtr Kvamen til Økland i Ølen. Der budde dei i 1875. Born født i Sauda var
Inger og Endre. På Økland fekk dei to døtre til, Inger Marie og Inger Gurine.
Endre Endresson Åbø, 1844-1912, var son til Ingrid
Johannesdtr. og Endre Perdersson Åbø (57) i Sauda, og bror til Per Rødno
(Rødne, Ølen). I 1872 gifte Endre seg med Marta ElIingsdtr. Kvamen, 1847-85,
dotter til Mari Eriksdtr. og Elling Eriksson Kvamen (10) i Sauda. Marta og
Endre budde på Åbø (H54) til 1875, då dei kjøpte bruk 2 på Økland og flytta
hit. Folketeljinga same året viser at dei fødde fire kyr og 15 sauer på den nye
garden sin, og sette to tønner (280 liter) poteter og sådde to og ei halv tønne
havre.
Dei to eldste borna
var fødde på Åbø, dei yngste på Økland:
a. Inger f.1872, d. lita
b. Endre f.1874, konfirmert i 1888,
til amerika
i 1896, døydde ung. Skipet
Endre dro til USA med.
c. Inger Marie f.1876, reiste til
Bergen, g.m. fyrbøter og senere kaiarbeider Johan Torbjørnsen (1874-1926) i Stavanger (Barn:
Toralf, Erling, Edith)
d. Inger Gurine f.1882, reiste til
Bergen, g.m. skomaker Karl Johan Oskar Hoel (1881- ?) i Stavanger (Barn: Margit - f. 17/2-1907, Carsten - f.
19/10-1908, Hjalmar)
I 1886 gifte Endre seg opp att med
ei jente frå granne garden Frøland, som soknar til Sandeid, Inger Hansdtr.
Frøland. Ho var fødd
på Hustoft (H6) i Vats i 1850 og var dotter til Abelone Nilsdtr. og Hans
Hansson Frøland. Inger døydde her på Økland hausten 1907.
Bom:
e. Marta Eline f.1887 gm Hans Arnø i St.
Johannes kirke, Stavanger, 8. april 1916 – budde på Våland i Stavanger
f.
Agnethe
Johanne f.1888, d.1900
g. Hans f.1890, Amerika........... gravstein i Iowa
.....eller hvis lenken
ikke virker
h. Johan Emil f.1892, Amerika
i.
Nils
f.1896, Amerika
Sonen Johan (h) kjøpte garden på
auksjon utpå våren 1913, men selde seinare på året til Halvar J. Haugland. Han
hadde jorda i eit halvt år, før han selde til Sjur Opdal.
Johan Emil Økland selde altså
garden etter at Endre døde. Gutane dro til Amerika, alle - i hvert fall dei tre
yngste - til Iowa. Hans først den 5. mars 1908, så Nils den 3. april 1913 og Johan den 3. mars
1914. Da Hans ankom USA den 19. mars 1908 er det registrert at han skulle
besøke onkelen, Nils Frøland - Ingers bror, som bodde i Cambrigde, Story
county, Iowa. Jentene (Inger) Marie, Inger (Gurine) og Marta Eline gifte og
busette seg i Stavanger. Mer om de som
emigrerte til USA.
De tre brødrene Økland var ikke
særlig store av vekst. I immigrasjonspapirene er Hans 5 f eet 3½ inches = 161
cm. Brødrene Johan og Nils, som begge var tilbake på besøk i Norge på 1950 og
60-tallet, var ikke stort høyere, Nils 168 cm og Johan 165 cm. Begge de to
siste oppga å besøke broren Hans som grunn for sitt USA-besøk.
... men fortsatt
har me slekt i Ølen og på Økland
25 år etter at Endre kjøpte på
Økland kom nevøen hans, Lars Ommundsson Brekke, etter fra Sauda. Han
kjøpte bruk nr 1 på Økland i 1900. Lars (1871-1918) var son til Marta
Endresdtr og Ommund Larsson Brekke. Marta var søster til Endre. I 1896
gifte Lars seg med Nille Tjerandsdtr.
Åbø, 1875-1902, dotter til Ingeborg Nilsdtr. og Tjerand Njellsson Åbø
(102) i Sauda. Se avsnittet ovenfor. Dei budde på Brekke (33) fram til 1900,
men var komne til Økland under folketeljinga seinare på året. Først etter to år
fekk Lars skøyte på garden. Men då var Nille død. Ho let etter seg to born:
a. Ingeborg f.1897, d 1982,
Stavanger, gm Hans Arnø (1889-1978), enkemann etter Marta Eline Endresdtr
Økland
b. Marta f.1900, d 1984, Stavanger,
gm Kornelius Kløgetvedt
Lars gifte seg opp att med Thea
Gurine Gotskalksdtr. Steinsland, 1880-1970, dotter til Elisabet og Gotskalk
Steinsland i Sandeid. Lars døydde ein vårdag i 1918, 47 år gammal. Gurina vart
sitjande att med seks bom, det yngste berre to veker. Så ho fekk ein strid
kvardag med å ta seg av heim og gard. Men ho var eit
arbeidsjarn, og bygdesolidariteten var til god hjelp. Såleis vert det fortalt
om då Gurina Økland skulle selja kua si for å skaffa
seg nokre kroner til å sletta handelsgjeld og kjøpa det mest nødvendige til
livsopphaldet. Krøtterhandlaren Sten Bala kom frå Sandeid for å henta kua og gjera opp for seg. Heimanfrå hadde han påbod
frå kona si om å gje mest mogleg for «kunå te Gurina Økland», og ikkje rekna
seg ei krone i forteneste.
Bom:
c. Amund Nikolai f.1906, sjå nedanfor
d. Elisabeth Tomanda f.1907, Økland,
seinare Ølensjøen, d. 2001
e. Gotskalk f.1910, d.1928
f.
Enok
Olai f.1912, Økland (se nedenfor), gm Serina Tednes
g. Thomas Rasmus f.1915, Sandeid,
seinare Stumo, gm Kari Havrevold, d 2004.
h. Lars Gurinus f.1918, d. same året (4 månader)
Eldste son til Lars, Amund
Nikolai Økland (c), 1906-1975, tok så over garden. Han blei gift i 1932
med Karoline Nordmark, 1906-97, dotter til Kari og Odd Nordmark i Suldal. Dei fødde ein god del sølvrev, les me i ei jordbruksteljing
frå mellomkrigstida, og elles hadde dei vanleg husdyrhald: hest og ku, sau og geit og ein hønseflokk. I 1972 skøytte dei garden
over til yngste sonen.
Bom:
a. Lars Georg f.1932, Haugland (40), seinare Eio (124), gm Gudny Heggebø
b. Kåre f.1934, har heimegarden
c. Kari f.1937, d. 1 dag gl.
d. Gurine f.1937, tvilling til c, d.
l dag gl.
e. Gurine Konstanse f.1939, Ilsvåg, gm Jørgen Wiland
f.
Anna
Katrine f.1943, Grinde (177) i Skjold / Tysvær, gm Johan Berntsen
Enok Olai Økland (f), f.1912, gift 1938 med Serina
Jakobine Tednes, 1918-95, dotter til Olava og Peder Tednes, Breiflot i
Sandeid. Fem år før hadde Enok fått skøyte på ein del av heimegarden og
tatt bureising.
Enok og Serina hadde garden til
1979. Då gav dei jorda ifrå seg til sonen, kjøpte att huset hans på Stumo og
flytta ned dit.
Born:
a. Lars Georg f.1939, sjå nedanfor
b. Olava Petra f.1942, Vihovda
i Va1estrand, gm Leif Mjånes
Lars Georg Økland (a), f.1939, gm Rut Kaldheim, f.1940,
dotter til Ingerid og Tollev Kaldheim, Litledalen (14) i Etne. Han hadde arbeid
på meieriet, seinare på næringsmiddelkontrollen i Ølen. I 1979 tok dei over
heimegarden hans, og flytta frå huset dei hadde på Stumo. Dei driv med mjølk-
og kjøtproduksjon.
Bom:
a. Egil Severin f.1963, Øvrehagen
b. Terje Inge f.1966, Frøland,
Sandeid, gm Siv Elisabeth Espeland
c. Liv Reidunn f.1973, Øvrehagen
Kilder: Arnvid
Lillehammer, Soga om Sauda, Sauda kommune 1974
Anders Haugland, Ølen – gardar og ætt, Ølen kommune
2001